Tresford er vel i hovudsak kjend for to ting, meieriet med sin Ridderost, samt Skorgenes snekker. Og då snakkar vi om båtar – ei snekke fleire snekker. Snekkene skal eg la ligge, er ikkje så opptatt av det. Men at Tine har bestemt at meieriet, Tine Meieriet Tresfjord som det offisielt heiter, kjend for sin Ridderost skal leggast ned, gjer vondt langt inn i sjela. Og kvifor skal dette meieriet, saman med meieriet i Ørsta som tilverkar Edamer som har fått ein renessanse og vorte eit samleobjekt nærast, leggast ned? Fordi ein skal investere stort i meieria på Byrkjelo og i Verdal. Det er jo flott, det er ikkje det, men treng dei då å legge ned til dømes Tresfjord-meieriet av den grunn? Dersom Ridderosten skal inn i eit stort industrialisert meieri tek Tine livet av sin kanskje beste ostesatsing og og mest vellykka ost. Da snakker vi om smak og identitet. Utvikla og oppfunnen i Tresfjord. I boka “Norsk Ost” (Tun Forlag, 2008) skriv Anders Oterholm innleiingsvis om Ridder: Ridderosten er en relativt ny ost som ble lansert på det norske markedet i 1970 og var den første i rekken av flere nye, norske oster som så dagens lys i 1970- og 1980-årene. Utviklingsarbeidet ble ledet av Produktteknisk Avdeling Ost i NMS og foregikk på daværende Tresfjord Meieri som er Ridderostens vugge. “Riddarane i Tresfjord” kan nå se tilbake på nærmere 40 vellykkede år med Ridderostog fortsatt trygge arbeidsplasser (Sic!) Kanskje 60 år då om ein er heldig. Skal leggast ned innan tre til sju år har Tine bestemt.
Ridderost og Port Salut
Det er dei to sortane dei tilverkar i Tresfjord, i alt 650 tonn i året, ca seks og ein halv million liter mjølk frå bønder i Rauma og Vestnes som no mest sannsynleg skal skvalpast av garde langs humpete vestlandsvegar i beste fall til Elnesvågen og verste fall til Verdal, Byrkjelo eller austlandet ein stad. Eg kjenner ikkje til økonomien ved meieriet i Tresfjord, men økonomi kan ein rette opp i dersom det er det som er grunnen til å legge ned. No har så vidt eg veit ikkje Tine sagt noko om kvar Ridderost skal tilverkast, men i verste fall på eit stort industrielt meieri utan omtanke, kjærleik og tilhøyrsle. Tine går i rasjonaliseringsiveren, sentraliseringsiveren og industrialiseringsiveren stikk i mot dei mattrendane som er no for tida. Mat skal ha historie, det er ikkje mange norske ostar frå samvirket som har det lenger, Ridderost er ein av dei sjølv om den er kort. Men det vil ein tydelegvis gjere noko med, for slik kan vi ikkje ha det. (For god ordens skuld så var dette siste sarkasme).
På frukostbordet
Enn så lenge blir den å finne på mitt frukostbord, men ikkje den dagen meieriet i Tresfjord er nedlagt og tilverkinga flytta. Frå den dagen er det ein annan ost, sjølv om den er ysta av pasteurisert mjølk og ikke kan skilte med noko beiteavtrykk. Men den kan skilte med ein kultur i meieriet. Eg er sikker på at økonomane i Tine (eg er óg økonom) seier “same shit new wrapping” men det blir ikkje det, det blir både “new shit” og“new wrapping”. Eg trur at veldig mange, ikkje alle sjølvsagt, kjøper Ridderost fordi den har smak og er mild samstundes som den har ei sjel og eit avtrykk frå der den kjem. Det kjem den til å miste.
Norsk ostetradisjon?
Dette viser med all tydelegheit at Norge ikkje har noko særleg med ostetradisjon, og dei få vi har er i alle fall ikkje Tine opptekne av å ta vare på. Vi har ikkje eit forhold til opprinning, ost er ost, “who cares”? Tine kan seie kva dei vil i reklamen, men lever ikkje opp til det dei prøver å kommunisere. Ikkje så nøye om det vert produsert i Tresfjord, Norge eller Irland for den saks skuld? Vi ser det også med til dømes pultosten, det er ikkje Tine som frontar å føre tradisjonane vidare, og kor lenge vil dei halde liv i gamalosten frå Vik?
Ost er så mangt og eg har stor respekt for at nokon vil ha ost med smak og historie medan andre helst vil ha den både historie-, smak- og luktlaus. Sistnemnde får ein eit rikt utval av i norsk daglegvare. Då forstår eg ikkje kvifor ein må gjere sitt beste for å “ta livet av” dei ostane vi har med noko særpreg.
Øverst står det “Passionate about Raw Milk Cheese”. Og so Ridderost då. Kanskje nokon kan svinge seg rundt og kjøpe meieriet? Har hendt før, både i Hardanger og Heidal om eg ikkje tek feil. So kan ein halde fram med å yste kittmodna ost, kanskje til og med av rå mjølk?. Kulturen ligg allereie i veggane og kompetansen er der.