Käsefestival 2024, Syd-Tyrol

REKLAME

Studietur til Käsefestival i italienske Ahrntal i regi av Kompetansenettverket for Lokalmat, 14. – 18. mars 2024

cheese 2023

Det vert kombinert studie og inspirasjonstur til Käsefestival i Sand in Taufers, Ahrntal i italienske Syd-Tyrol 14. – 18. mars 2024 (torsdag til måndag). For pris og påmelding ta kontakt med Aud Slettehaug: aud.slettehaug@vlfk.no eller tlf 47375739 

Turen går med fly til München og deretter med bil i fire timar til Ahrntal, eller Valle Aurina som det heiter på italiensk. Returen går samme veg tilbake.

14.3.24 Framreise via München

Vi flyr til München kl 9.30 frå Bergen, 9.35 frå Stavanger og 9.40 frå Førde og kl 11.25 fra Oslo og landar i München kl 13.50

Etter at vi har samla oss på flyplassen køyrer vi i retning Ahrtntal og Sand in Taufers som er ein flott liten italiensk alpelandsby. Køyreturen frå München til Ahrntal tek om lag fire timar, om Innsbruck og Brennerpasset, pluss eventuelle stopp. Vi er uansett framme på hotella i Sand in Taufers til felles middag. Sand in Taufers eller Campo Tures som det heiter på italiensk. trur alle stader i dalen har på tyske og italienske namn. Vi bur på to hotell, Garni Niederbacher og Hotel Alte Muhle. Deltakarane vert fordelte på dei to hotella. Alt er i gåavstand til festivalområdet.

Fredag 15.3.24 Landsbruksskulebesøk

Du kan starte dagen på festivalen som åpnar kl 10 kvar dag, med unntak av sundag då den startar 9.30. Vi ordnar inngangsbillettar. Husk også at det er ein norsk stand der som har fokus på Gamalost, Pultost og Brimost. Kl 15 har vi ein del billetter til “Taste laboratorium” med tema Die Mütter des Parmigiano (Parmigianos mødre). Før det, om morgonen, dreg vi på besøk til den lokale landbruksskulen for orientering og lunsj. Det vert også møte mellom oss og dei lokale presidiuma.

Laurdag 16.3.24 Käsefestival Sand in Taufers

Du har heile dagen til disposisjon på festivalområdet. Et lunsj på eiga hand der eller i landsbyen. Vi prøver å få til et gardsbesøk til ein mjølkegard. Kan være vi kan skaffe ein billett eller to til smakinga “King of the Alps” – Gruyère kl 15.00

Middag kl 20.00

Sundag 17.3.24 Åpen dag

Sundagen er litt open, du kan fortsetje på festivalen, vere med Sjur Rørlien på ski ein heil dag, eller utforske området på eiga hand. Felles middag på hotellet. Vi har nokre få billettar til ei ostesmaking kl 13 med tema Die Welt der deutschen Arche-Produkte og kan vere vi kan skaffe ein billett eller to til kl 11.00 med tema Best of Piemonte.

18.3.24 Heimreise

Vi dreg frå hotellet etter frukost og med litt beinstrekk undervegs reknar vi med å vere på flyplassen kl 13, altså godt to timar før avreise.

Meir informasjon

⇒ Info om turen kan rettast til vår norske turguide: Jan Peter Aursnes tlf. 95960077 eller via epost til: mail@osteperler.no 

⇒ Du kan lese meir om turen HER eller på festivalen sine heimesider HER.

Påmelding til Aud Slettehaug, aud.slettehaug@vlfk.no tlf 47375739 

Velkomen på tur! 

OSTEPERLER takkar Kompetansnettverket for Lokalmat for oppdraget med å førebu og guide denne turen, der vi saman skal få mange spennande osteopplevingar.

Share your cheese knowledge
Skroll til toppen