Det vesle Osteriet med dei store smakane

Osteriet i Samnanger Foto: Bente Getz

Bygdene treng slike som Bente Getz, som starta Osteriet i Samnanger. Folk som tek eit tak og set i gong noko dei trur på. Nokon flyttar heim, som Bente har gjort, andre er tilflyttarar og vert eit verdfullt tilskot på den måten. Det er ikkje noko skilje i verdien om ein er det eine eller det andre. Bygdene treng folk. Av og til skulle ein likevel tru at det er betre at tilflyttarar kjem, enn at utflytte sambygdingar kjem heim. Ikkje alltid like lett på vende heim.

Nok om det, etter år i utlendingheit kom Bente Getz heim, tok over familiegarden og starta opp Osteriet; Osteriet i Samnanger.

To Jersey-kyr og åtte Aust-friesisk mjølkesau, meir skal det ikkje til for å skaffe seg eit levebrød. Vel, litt anna er det vel og. På Osteriet vert det både bakt og laga kjøttmat. Selt lokalt, på Bondens marked i Bergen og til dei som kjem på vitjing til garden. Gardsbutikken Rivjernet, namnet har den etter dama, er open kvar sundag. Berre å ta turen.

Rivjernet, også kjend som Bente Getz bak disken i gardsbutikken Rivjernet Foto: Bente Getz

Osteriet sine ostar

Det er to faste ostar ho ystar på Osteriet. Sterke Nils’n vert ysta av sauemjølk og kumjølk i den lyse årstida, medan «Sverre, min gode nabo» er ein vinterost av rein kumjølk. Om vinteren har sauene fri til familiære syslar.

Sterke Nils’n er litt tørr i konsistensen, flott naturleg gul, og med finfin smak av mjølk. Har kraft og fylde som etterkvart fyller munnen og sit lenge. Behageleg saltsmak. Sverre er mildare i smaken og er kanskje ein mindre kompleks ost, men god og veldig lett å like.

osteriet
Sterke Nils’n frå Osteriet i Samnanger

To flotte ostar kvar på sin måte, litt synd at det er så lite av dei, men eg tenkjer du får kjøpt dei om du sender mail og ber om å få tilsendt gjennom posten. Er du i Bergen eller traktene innafor, så er det berre å ta turen innom, du vert nok teken vel imot same kva. I desse tider med fokus på industrielt landbruk treng vi mange slike Bente’r. Rett skal vere rett, vi har ein god del av dei allereie, der omsorg for dyra og jorda, samt godt handverk er i fokus.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.